fredag 19. august 2011

Klaustrofobisk villmarkstur

Spor etter menneskeleg aktivitet
på Jan Mayen på 1920-talet.
-Om ikkje flyet kjem ned no, og det trur eg  ikkje det gjer, må de bli her på øya. Men vi ventar ein båt om fjorten dagar, og de skal sleppe å gå gjerandeslaus. Her er arbeid nok!

Leidulv Halse frå Liadal i Ørsta, teknisk sjef ved OPS-basen på Jan Mayen, hadde klare meldingar til tre duknakka sunnmøringar, der han sto på brinken ovanfor flystripa på Jan Mayensfied Airport, tysdag 2. august. Saman med Frode Guldal frå Ålesund og Atle Garnes frå Eiksund var eg på research-tur til den gåtefulle øya langt vest i Atlanterhavet. Her hadde Atle sin farfar vore på overvintring  frå 1926 til 1927. No skulle eg finne ut korleis dei hadde klart seg . At det ikkje var noko liv for pyser og svake nerver, forsto eg  av dagbøkene fangstmennene let etter seg.




No var det heimreisedag , og vi sto der på brinken, ein grushaug ved sidan av flystripa, og kjende mismotet vaks.  Vi hadde vore overalt – ja bortsett frå til topps på vulkanfjellet Beerenberg, 2.277 meter over havflata. Ikkje fordi det kunne kome  utbrot, men det var mykje anna  å fare over om vi ikkje skulle gi oss ut på tindebestigning, meinte no eg – pysa. Men tindebestiger Guldal smatta og stirde mot toppen.  “Nam, nam – høge fjell”, sukka han, vel vitande om at sjølv han måtte halde seg på lågare nivå denne gongen.
Fysisk hadde vi ingenting å klage på. Det gode vertskapet gav oss dagar i luksus. Gjestfridomen var grenselaus.  Folka på stasjonen visste ikkje kva godt dei kunne gjere.  Frakta oss med terrengbilane sine over veglause fjellpass, uttørka havbotn, gjennom månelandskap og langs ville klippeveggar. Ga oss husly og mat, alt for at vi skulle få tid til å gjere jobben vår; leite etter spor frå fordums fangstmenn.

Nokre dagar før vi kom (sjøvegen  må vite, luksus der og!) , sirkla det eit fly over den bortgøymde øya. Og no  snakker vi ikkje om SAS og Norwegian med flyvertinneservice. Hercules,  forsvaret sine kjempestore, brummande humler, er berginga på slik bortgøymde stader .
Sirkle over, ja. Men å kome seg trygt ned er noko heilt anna. Den grauttjukke skodda hang som ei nisselue  over den svarte lavaøya. Slik var det den veka, og slik var det no.
 Eg stirde mot himmelen medan klumpen i magen vaks. Over meg, kring meg, overalt, var det grått, vått og kaldt.  Ein stad inne i mismotet  svirra ei strofe frå supergruppa “Eagles” sin storslager; “Hotel California”, rundt og rundt: “You can check out anytime you want, but you can never leave!”

Eg kunne godt ha vore på øya lenge, eg.  Arbeid her, traska over dei mosemjuke fjellviddene og dei kolsvarte sandstrendene . Høyrt på iltre skrik frå havhesten og sett lundefuglen leike seg mellom dei sylskarpe tindane. Men ikkje no! Oppdraget var utført – eg skulle heim. Til familie og vener, til arbeidet mitt på Aalesunds Museum. Eg skulle heim og  skrive. Om fangstmenn på Jan Mayen, om brølande vind i bekmørke stormnetter, der dei tjora seg fast med  tau når dei skulle på dass. Nokre få meter til sides for dei små, bardunerte fangsthyttene sine.
Rett nok kunne eg  tenke meg å oppleve ei slik uversnatt. Kanskje kjem eg til å reise attende til Jan Mayen for å føle den rasande stormen på kroppen. Men det er då, ikkje no. Ei hending i framtida.  Tankane mine, heile kroppen, ropte det ut: Heim no! Eg ville så gjerne , men fekk det ikkje  til. Tåka stengde alt ute.   Kystvaktskipet som kom med oss, segla vidare. No var det på hi sida av havet. Flyet som skulle bringe oss heim, den brummande kjempehumla frå Luftforsvaret, låg og sirkla  ein stad over oss. Staden der sola enno gav dagen ljos. Vi stod med  tåkehavet trykt ned over skolten,  og inne i det ein stad låg landingsstripa flygarane ikkje kunne nå.  

I mitt klaustrofobiske tilvere byrja eg tenke på korleis  dei måtte ha det, desse  barske villmennene som kom til øya for snart hundre år sidan. Isolert frå omverda, i ei tilsynelatende endelaus mørketid. Nokre  få menneske, kringsett av  ugjestmild natur, dyr og ilske fuglar.   Vonlaus von om god revefangst på ei vulkansvart øy som ein gong hadde vore eit Klondyke for pelsjegarar.
No var mai komen og ei skute, som skulle bringe dei heim, var ventandes. Sist desember visste den eine fangstmannen at han skulle bli far  den månaden. No var det mai og ljose dagar. Endeleg skulle han få kome heim og sjå den førstefødde.
Han venta, og lengta. Men mai gjekk og ingen mast kløyvde horisonten. Det skulle gå tre månader før ei skute kom og sette dei over til fastlandet.

********

Så kom Herculesen veltende ut av tåkehavet
Brått kjem noko stålfarga grått veltande ut frå havet – Herculesen! Mest somved eit under har flygarane funne ei stripe av klar luft mellom gråskodde og hav. No vrenger dei den svære  flykroppen  inn mot den svarte stranda. Brølet stig til crescendo i det “humla” tek bakken og dundrar over den gruskledde flystripa.
Klappsalver, jubel, ei og anna tåre, hjå dei som venta vitjinga frå ein av sine. Gjestane skulle ha vore her for ei veke sidan og fått dagar på øya. Men nokre timar er betre enn ingenting. 
Eg kjenner kor det klamme  ullteppet av depressive  tankar  lettar frå hovudet. Snur meg mot driftsjefen og seier i overmot:
“Der Leidulv,  gjekk du glipp av nokre arbeidskarar!”
Leidulf gliser skrått bort på oss tre “turistane”, let sneipen fare, og seier  det som tel:
“De karar gjer vel best nytte der de kjem frå. Men sjå på desse pilotane – ei slik landing har eg ikkje sett sidan kongen var her!”

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar