fredag 19. august 2011

Klaustrofobisk villmarkstur

Spor etter menneskeleg aktivitet
på Jan Mayen på 1920-talet.
-Om ikkje flyet kjem ned no, og det trur eg  ikkje det gjer, må de bli her på øya. Men vi ventar ein båt om fjorten dagar, og de skal sleppe å gå gjerandeslaus. Her er arbeid nok!

Leidulv Halse frå Liadal i Ørsta, teknisk sjef ved OPS-basen på Jan Mayen, hadde klare meldingar til tre duknakka sunnmøringar, der han sto på brinken ovanfor flystripa på Jan Mayensfied Airport, tysdag 2. august. Saman med Frode Guldal frå Ålesund og Atle Garnes frå Eiksund var eg på research-tur til den gåtefulle øya langt vest i Atlanterhavet. Her hadde Atle sin farfar vore på overvintring  frå 1926 til 1927. No skulle eg finne ut korleis dei hadde klart seg . At det ikkje var noko liv for pyser og svake nerver, forsto eg  av dagbøkene fangstmennene let etter seg.